Namnet mitt er Janne G. Sørgulen. Ikkje nok med at eg heiter Sørgulen til etternamn, men eg bur der óg. Mora mi heiter Ranja og faren min heiter Arne. Eg har og ei store søster, også kjent som Beate. Ho er så gamal at ho har flytta til Florø på hybel. Ho går no det siste året på Flora Vidargåande Skule.
Sørgulen er 3,5 mil uttafor Svelgen, der eg går på skulen. Altså, Svelgen Skule. Eg går i 9. kl, saman med 18 andre. Dei eg er mest saman med er Yvonne, Ingve, Espen og Stian. Line i 10. kl er óg ei eg er ganske masse saman med. I tilvalsfag jobbar eg med Skuleavis saman med Lise Holm og Svein Arve Steinset, som og går i klassen min.
På fritida mi er eg på data, ser på TV eller skriver brev til ei av dei mange brevvennane mine. Det hender og at eg setter meg ned med ei spennande bok. På fredags kveldane er eg (som oftast) på "Realen". Det er den einaste ungdomsklubben i Svelgen, så der samlast mesteparten av Svelgen ungdommen.
Litt meir om meg sjølv
Eg blei født 10. januar i 1986. Eg er den eldste i klassen, medan bestevenninda mi har bursdag 12. januar. Eg blei født på Flora Sjukehus. Blei faktisk nr. 1 der. Første fødte det året altså…